Det gjeld framtida vår


I fleire rapportar fylket kjem med vert det lagt fram eit ønske og mål om å invistere i utvikling av
nye bedrifter, samt å utvide eksisterande bedrifter med auka produksjon og fleire tilsette.
Dette er mogeleg både ifølge gründarar og vel etablerte bedrifter, men då treng ein betre
kommunikasjon – ikkje eit amputert minimumstilbod.


Både næringane som bidreg med milliarder til statskassa, det lovpålagte offentlege tilbodet og
familiane som er busette langs kysten og på øyane i sær, vert hardt råka av dei omfattande kutta i
samferdselkartet.


Nedlegging av kommunikasjon og samferdsle er ein god krigsstrategi fordi det lammar
lokalsamfunna. Målet til kystsamhaldet er å ivareta eit levande kystsamfunn – då treng vi
båtane.


Dette er opplagt for dei fleste, men kva skal til for at politikarane som sit med makta skal forstå
konsekvensane av omlegging og nedlegging av båt og fergerutene?!


Bli med på aksjon mot nedlegging av kommunikasjon mellom øyar og kystsamfunn i Nordland.


Stad: Mo i Rana, den 11. juni 2018.


Vi vil oppmode alle til å møte fram og støtte opp om denne saka. Vi har eit sterkt ønske om at også
de som bur i meir sentrale delar/ tettbygde strøk i kommunen skal vise at de verdset eit levande
kystsamfunn og ein levande kystkultur. Det kan på bakgrunn av eksisterande rutetilbod verte
vanskeleg for mange øyfolk å stille – så vis gjerne solidaritet ved å fysisk stå med oss i kampen for
eit levande og bærekraftig kystsamfunn!

 

Mvh. Kystsamhaldet